Gregory James Rutherford, til vanleg Greg Rutherford (fødd 17. november 1986), er ein britisk friidrettsutøvar frå Milton Keynes, særleg kjend som lengdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012 og europameister i 2014. Rutherford sin personlege rekord på 8,51 meter er også landsrekord.

Greg Rutherford


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. november 1986 (37 år)
Milton Keynes
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp herrer, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2010

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Greg Rutherford i 2012

Aktiv endre

I 2005 vann Rutherford lengdetevlinga under den europeisk juniormeisterskapen i litauiske Kaunas med 8,14 meter, britisk juniorrekord. Året etter tok han sølvmedaljen då Europameisterskapen i friidrett 2006 fann stad på Ullevi Stadion i Göteborg. Sølvhoppet målte 8,13 m. Under dei olympiske sommarleikane i Beijing i 2008 hoppa han heile 8,16 m i kvalifiseringa. I sjølve finalen var han prega av sjukdom og enda på tiandeplass med 7,84 m på resultatlista.

Rutherford forbetra den britiske lengderekorden til 8,30 m under VM i friidrett 2009 i Berlin, også det i kvalifiseringa. Rekorden stod til 8. juli 2011, då Chris Tomlinson strekte seg til 8,35 m.

I mai 2012 tangerte Rutherford den britiske rekorden i Chula Vista. Tre månader seinare hoppa han 8,31 m i lengdefinalen under OL i London, nok til å vinne den olympiske gullmedaljen. I 2014-sesongen flytta Rutherford den britiske landsrekorden til sterke 8,51 meter i Chula Vista i april månad. Ved EM i friidrett 2014 i Zürich vart Rutherford så europameister på vinnarresultatet 8,29 meter. To veker i førevegen vart han samveldemeister med 8,20 m i Glasgow.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre