Miye ou Miye (arabisk المية ومية) er ein landsby i Sør-Libanon, 5 km aust for Sidon og 45 km sør for hovudstaden Beirut med utsyn over Middelhavet. Landsbyen ligg i ei høgd 156 meter over havet og dekkjer 2,3 kvadratkilometer. Landsbyen grensar til Qraiyeh og Ain El Delb i i aust, Sidon i vest, Haret Saida i nord og Darb es Sim og Zaghdraiya i sør.

Miye ou Miye
المية ومية
by
Land  Libanon
guvernement Sør guvernement
Distrikt Sidon distrikt
Høgd 29−208 moh.
Koordinatar 33°32′31″N 35°23′52″E / 33.54194°N 35.39778°E / 33.54194; 35.39778
Areal 2,3 km²
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 7
Kart
Miye ou Miye
33°32′31″N 35°23′52″E / 33.5419°N 35.3978°E / 33.5419; 35.3978
Wikimedia Commons: Mieh Mieh
Den fønikiske grotta i Miye ou Miye.

Før borgarkrigen i 1985 var det kring 5000 innbyggjarar i landsbyen. Kring halvparten av desse emigrerte til vestlege land, medan ein fjerdedel flytta inn til Beirut. Resten vart verande att i Miye ou Miye. Innbyggjarane er hovudsakleg romersk-katolske (85 %),[1] med nokre få maronittar (7 %), protestantar (6 %) og baptistar (2%).

Historie endre

På 1600-talet var Miye ou Miye hovudsakleg jordbruksland eigd av rikefamiliar. På 1700-talet byrja kristne å flytte til landsbyen. I 1985 spreidde den libanesiske borgarkrigen seg til Sør-Libanon, og landsbybuarane flykta til tryggare område lenger sør, medan andre reiste til hovudstaden. Frå der reiste mange til utlandet.

Klima endre

Miye ou Miye har eit temperert og typisk middelhavsklima med varme, tørre somrar, og våte, kjølige vintrar. Sommaren varer frå juni til september, med dei høgaste temperaturane i juli og august. På det varmaste når temperaturen i snitt 31 °C, og stundom høgare i heitebølgjer. Vinteren finn stad frå desember til mars, og i denne peridoen kjem det meste av regnet som kjem her i løpet av eitt år. Temperaturen fell sjeldan under 11 °C om vinteren.

Miye ou Miye opplever shlūqvindar (òg kalla sjirokko i Europa og Khamaseen i Nord-Afrika). Desse vindane er mest vanlege om hausten og våren. Shlūqvindane fører med seg raudt støv frå Sahara.

Vêrdata for Miye ou Miye i Libanon
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 17 18 20 23 26 28 30 31 30 28 23 19 24
Gjennomsnittleg min °C 11 11 13 15 18 22 24 25 24 21 16 13 18
Gjennomsnittleg nedbør mm 133 114 62 25 13 1 0 3 5 47 94 128 625
Gns. dagar med regn 14 11 10 6 3 0 0 0 2 6 9 13 74
Kjelde: World Weather Online,[2]

Kjelder endre