Mjølkedalsbreen er ein isbre i Jotunheimen på grensa mellom Innlandet og Vestland fylke. Han ligg i kommunane Vang og Luster, nordvest for innsjøen Bygdin og nord for innsjøen Tyin. Han har eit areal på 3,3 km² og ei lengd på 3,3 km.

Mjølkedalsbreen
isbre
Område Jotunheimen
Type Dalbre
Areal 3,32 km²
Lengd 3,3 km
Toppunkt 1940 moh
Botnpunkt 1350 moh
Koordinatar 61°25′57″N 08°11′16″E / 61.43250°N 8.18778°E / 61.43250; 8.18778
Kart
Mjølkedalsbreen
61°25′57″N 8°11′16″E / 61.43249893°N 8.18777752°E / 61.43249893; 8.18777752

Breen ligg mellom Mjølkedalspiggan i nord og Langeskalvtinden i sør. Han grensar til Uranosbreen ved Uranostinden i vest. Skogadalsbreen ligg rett vest for Ureknatten som begge grensar til.

Mjølkedalsbreen hadde tidlegare regelmessige jøkulhlaupar, store og brå flaumar, på 1800-talet og første halvdel av 1900-talet. Vatnet rann då via elvene Vinstra og Mjølkedøla gjennom Mjølkedalen frå Øvre Mjølkedalsvatn. Det største på 1900-talet kom 3. august 1921 då 33 millionar kubikkmeter vatn vart tømd frå breen i løpet av 48 timar. Elva hadde då ei middelvassføring på om lag 500 m³/s, som er på nivå med dei mest vassrike elvane i Noreg. Siste store jøkulhlaup kom 30. januar 1937 då 3 millionar kubikkmeter vatn rann frå breen i løpet av kort tid.

Sjå òg endre

Kjelder endre