Mjukt havfrugras (Najas flexilis) er ei plante i havfrugrasslekta i froskebitfamilien.[1] Arten veks i Europa og Nord-Amerika og somme stader i det nordlege Asia.[2]

Mjukt havfrugras
Mjukt havfrugras
Mjukt havfrugras
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Froskebitfamilien Hydrocharitaceae
Slekt: Havfrugrasslekta Najas
Art: Mjukt havfrugras N. flexilis
Vitskapleg namn
Najas flexilis

I Noreg er arten heimleg i næringsrikt ferskvatn. Arten er svært sjeldsynt. Han finst i nokre vatn på Jæren, ved Farsund og i Steinsfjorden i Buskerud.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som sterkt truga (EN).[3] Arten er freda gjennom Forskrift om fredning av truede arter.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Mjukt havfrugras». Artsdatabanken. Henta 19. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 169. 
  3. «Raudlista: Mjukt havfrugras». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 19. februar 2024. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 19. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre