Moambe, muamba, mwambe eller nyembwe, også kjend som palmesmør, palmekrem eller uraffinert palmeolje, er ein ingrediens laga av perikarpen (ikkje frøa) til palmenøtter, frukta av afrikansk oljepalme (Elaeis guineensis). Det er ein viktig ingrediens i sausar og gryterettar i afrikansk mattradisjon, som ofte også kan heita moambe eller liknande. Ein finn også rettar som minnar om desse i Aust-Brasil.[1]

Hausta palmenøtter til moambe.

Retter laga med moambe omfattar ofte også peanøtter, peanøttsaus eller peanøttsmør. Ein bruker gjerne kylling som kjøt i retten, men ein kan også bruka andre typar kjøt, som storfe, får, fisk eller ulike typar vilt, som krokodille eller hjortedyr. Moambe-kylling er rekna som nasjonalrett i tre afrikanske land.

Skål med retten poulet moambe

For å laga palmesmør koker ein palmenøtter for så å knusa dei. Kjøtet blir blanda med vatn, silt og så kokt att. Det blir også laga hermetisk palmesmør, kjent som sauce graine eller noix de palme.[2]

Angola endre

I Angola blir moambe med kylling kalla moamba de galinha, og er rekna som nasjonalrett. Han blir vanlegvis serverte med funge, ein puré av maniok, og kan også lagast med fisk.[3]

Den demokratiske republikken Kongo endre

I vestlege delar av Den demokratiske republikken Kongo kallar ein sausen av palmenøtter eller peanøtter mwambi eller mwambe (lingala mwǎmba).[4] Poulet à la Moambé, 'kylling i moambesaus', er også rekna som nasjonalrett i Kongo.[5]

Gabon endre

I Gabon blir sausen vanlegvis kalla nyembwe, frå myene-ordet for palmesmør.[6] Den viktigaste retten med nyembwe er nyembwe-kylling (franske poulet [au] nyembwe eller poulet [au] gnemboue), som er rekna som nasjonalrett i Gabon.[7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. | (3. mars 2019), «Muamba de galinha: Angolas berømte og nydelige kyllinggryte», Verdensmat (på engelsk), henta 2. februar 2023 
  2. «Palm Butter Soups». The Congo Cookbook (på engelsk). 18. juli 2018. Henta 28. juni 2022. 
  3. Hamilton, Cherie. Cuisines of Portuguese Encounters New York: Hippocrene Books, 2001. s. 219
  4. Travel: 192-Part Guide to the World Part 41 Congo (Kinshasa)[daud lenkje]
  5. «The Proven Platter – Democratic Republic of Congo (DRC)». Together Women Rise (på engelsk). 5. oktober 2020. Henta 28. juni 2022. 
  6. "Oiling the Wheels of the Economy." Gabon. Winter 2007. p. 19. Retrieved 10 March 2009
  7. «Oiling the Wheels of the Economy.» Gabon. Winter 2007. s. 19. Henta 10. mars 2009