Mogop
Mogop
Mogop
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Pulsatilla
Art: Mogop P. vernalis
Vitskapleg namn
Pulsatilla vernalis

Mogop (Pulsatilla vernalis) er ein om lag 10 cm høg fleirårig plante kubjølleslekta i soleiefamilien. Mogop er giftig i frisk tilstand. Ho blir nytta som legeurt og blir brukt mot vorter, kaldfeber, migrene, utslett og mage-tarmbesvær og som brekkmiddel.

Utsjånad endre

Mogopen har ein overvintrande bladrosett. Han blomstrar i april-juni med ein stor lysfiolett blomster med silkelodne blomsterblad.

Blomstrane er 3-4 cm i diameter, klokkeforma, først nikkande og seinare opprette. Kronblada er lyseraude til raudbrune på yttersida, medan dei er kvite på innsida. Dei er om lag dobbelt så lange som støvberarane. Så snart han er avblomstra, strekkjer stengelen seg og får ein «barberkost» i toppen. Kosten består av ei samling små nøttefrukter, kvar av dei med ein fin, silkeglinsande hårpensel for enden.

Mogopen er silkehåra, noko som vernar mot eksteme temperaturar om våren. Sjølve planta er mellom 5 til 15 cm høg. Etter blomstring held blomsterstengelen fram med å vekse.

Mogopen kan bli fleire tiår gamal, kan hende over 100 år. Frøa derimot er kortliva og kan miste mykje av spireevna i løpet av eit år.

Utbreiing endre

I Noreg veks mogop på tørre stader, både på furumoar og i fjellet, i Noreg frå Modum og nord til Sunndal og Tynset. Han blomstrar tidleg i fjellet.

I Sverige veks mogopen frå Skåne til sør i Jämtland. Arten er i tilbakegang i den sørlege delen av utbreiingsområdet.

Mogop finst på tørr, mager jord på hedenJylland i Danmark, men er særs seldsynt.

I Frankrike finn ein mogop mellom 1300 og 3600 meter over havet i Alpane, Pyreneane og på einskilde stadar i Vosges og i Massif Central (Plomb du Cantal, Mont Lozère, Mont Mézenc).

Kultur endre

 
Mogop var fylkesblom i Oppland, og fylkeskommunen hadde ein stilisert Mogop i fylkesvåpenet

Mogop var fylkesblomster i tidlegare Oppland fylke og landskapsblomma i Härjedalen.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mogop
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Pulsatilla vernalis