Molaupen

gard i Hjørundfjorden, gardsnummer 112 i Ørsta kommune

Molaupen er ein gard i Hjørundfjorden, gardsnummer 112 i Ørsta kommune. Før kommunesamanslåinga 1.1.1964 var den gardsnummer 2 i Hjørundfjord.

Garden er veglaus, og ligg ved fjorden, på austsida, om lag 6 km frå Gjæveneset i Sykkylven kommune, og vel 1 km frå einaste grannegarden, Strandabøen. Det er 4,5 km til neste gard, Nes. Grensa mot Nes går i Skafonna. Mesteparten av tida har garden hatt berre eitt bruk, til garden vart delt i to bruk i 1907.

Garden er brattlendt, og husa låg eit stykke oppom sjøen, på om lag 40 moh. Garden ligg i eit område med mange fonner. Hovudbøen er såleis avgrensa av to fonngjøl: Slættegjølet utanfor bøen, og Molaupsfonna innanfor.

Garden er truleg ein mellomaldergard, med vising til den relativt høge skylda i 1626, 1 våg. I 1603 var her ein brukar. Levebrødet var allsidig gardsdrift og fiske på fjorden. Garden hadde ikkje seter.

Det vart likevel etter kvart vanskeleg å bu på ein slik stad, og etter krigen opna det seg høve til anna arbeid. Den eine brukaren selde difor sitt bruk til den andre, og flytta derifrå i 1946. Men også for den attverande vart eit slikt liv vanskeleg, særleg med omsyn til born og skulegang, og dette førte at garden vart fråflytta i 1955.

Rundt 1960 vart garden seld til Vestlandske Kraftsamband. Dei heldt ikkje husa ved like, så dei har no for lengst falle ned. På bøen vart det planta skog.

Namnet endre

Rygh hevdar at namnet har med «mo» og «laup» å gjere, der «laup» er namnet på eit fjell, med vising til fjellnamn i Sande og Hareid mv.[1]

Molaupsulykkene endre

To tragiske hendingar knyter seg til Molaupen: Kollsiglinga i 1919 og Molaupsulykka i 1971.

Kollsiglinga i 1919 endre

28. april 1919 skulle skuleborna frå Molaupen over fjorden til internatskulen på Stavset. Det var ein noko trasig vind, og båten kollisiglde. Eit par karar frå Ytre-Standal kom nokså raskt til, og tre av borna vert berga. Men dei to vaksne og to av borna i båten drukna.

Molaupsulykka i 1971 endre

24. november 1971 drog 4 mann frå Ytre-Standal og Stavset over fjorden for å freiste å få ned nokre geitebukkar som hadde vore på beite i området rundt Molaupen. Det hadde vore gjort fleire forsøk tidlegare på å få dei ned frå fjellet, utan å lykkast. Det hadde kome ein del snø, og det var svært vanskeleg å gå i laussnøen. Dei valde difor å gå i gjølet i Molaupsfonna, der det låg fonnbrede. Dei kom seg opp til bukkane, og fekk tak i dei. Men i løpet av dagen hadde veret blitt dårlegare, med vind i toppane. Då dei var på veg nedover kom fonna, og tok ein av dei. Det vart sett i gang ein redningsaksjon, der friviljuge frå bygdene rundt kom til. Dei fann han som var blitt teken av fonna i live, men fekk han ikkje laus før fonna kom på nytt, og begravde både han og åtte andre. Ein større redningsaksjon vart sett i verk. Etter at veret roa seg, kunne ein kome til med lavinehund og mannskap. To av dei ni vart funne i live neste morgon, sju vart funne omkomne. Alle sju var frå bygdene i nærleiken.

Kjelder endre

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band III Gard og ætt, Ørsta 1988 ISBN 82-991200-2-0, side 18-33.

Fotnotar endre