Molaupsulykka

Molaupsulykka var ei snøskredulykke ved garden Molaupen i Hjørundfjorden i ØrstaSunnmøre der sju menneske miste livet. Onsdag 24. november 1971 var fire menn frå Ytre-Standal og Stavset over til austsida av Hjørundfjorden for å leite etter bukkar i fjellterrenget ved Molaupen. Utover dagen vart det vind og mildare. Kring klokka 13 vart ein av mennene teken av ei snøfonn og gøymd under snømassane. Det vart reist tilbake over fjorden for å skaffe hjelp. Dei første som nådde fram var frå gardane og grendene ytst i fjorden. Dei fann den skredtekne i live. Men før dei fekk han ut kom nye fonner og tok både han og åtte av leitemannskapet. Dette hende kring klokka 17.

Eit stort redningsarbeid kom i gang. Svært dårleg ver gjorde det uråd å leite om natta. Om morgonen, i 9 - 10 tida, vart to mann funne i live. Dei hadde då lege under snøen i 16-17 timar. Seinare på dag vart dei andre sju funne omkomne. Om lag 100 personar var med i redningsaksjonen, både folk frå Røde Kors og andre frivillige. Ein redningshund frå Ålesund var til stor hjelp.

Denne ulykka fekk stor mediadekking.

KjelderEndra

  • Eli Anne Tvergrov: Molaupsulykka 1971 i Frå Hjørundfjord 2011. Årsskrift for Hjørundfjord sogelag.

BakgrunnsstoffEndra