Molekylstråle
Ein molekylstråle er ein stråleforma straum av nøytrale molekyl, til skilnad frå ionestrålar. Ein kan skapa molekylstrålar ved at ein lagar eit fint hol i ein gass- eller dampkammer, sidan ein del av molekyl på grunn av varmerørsla vil strøyme ut av holet. Ein lèt dei gå gjennom retningsavgrensande spaltar og ut i vakuum. Metalldamp som består av atom (éin-atomige molekyl), gjev atomstråler. Ved å studere molekylstråler i elektriske og magnetiske felt kan ein mellom anna finne det magnetiske momentet til molekyla sinved ein metode utvikla av Otto Stern.
Kjelder
endre- «molekylstråler» (28. februar 2013) i Store norske leksikon, snl.no.