Molladalen er ein fjelldal i Barstadvik i Ørsta kommuneSunnmøre. Han ligg vest for Hjørundfjorden, lengst nord på Ørstahalvøya i Sunnmørsalpane. Dalen vert omkransa av bratte og taggete fjellformasjonar. Ein finn mellom anna ei rekkje pinaklar som er ettertrakta klatremål. Fjella rundt dalen vert omtala med fellesnemnaren Molladalstindane. Dei best kjende fjelltoppene er Ramoen (Jønshornet), Randers topp og Mohns topp. I dalen ligg fleire vatn. Det største, Storevatnet, ligg 774 moh.

Utsyn mot Molladalen.

Kvart år vitjar ei rekkje klatrarar Molladalen. Det er utgidd ein klatrefører for området.

Frå Melbøsætra i Barstadvikdalen er det merka rås til Molladalen. Råsa har ein utsett passasje ved inngangen til Molladalen. Her er det hengt opp ein kjetting som ein kan halde seg fast i. Ein bør rekne med ca. 2 timar på oppturen. Molladalen kan og nåast frå Ytre-Standal over Molladalsskaret på 990 m.o.h.

Molladalen har av bønder i Barstadvik vorte brukt til sauebeite. I 1864 vart 76 sauer drepne då dei vart jaga ut for eit stup av ein bjørn.

Bakgrunnsstoff endre

Bøker
  • Jon Hagen og Helge J. Standal: Molladalen, Volda 1989
Nettstader