Blautdyr

(Omdirigert frå Molluskar)

Blautdyr eller molluskar er ei rekkje protostome dyr som lever i fuktige habitat over heile jorda. Det eksisterer stor diversitet innanfor gruppa, men den grunnleggjande oppbygnaden til ein mollusk er den same overalt. Det finst omkring 112 000 artar blautdyr, m.a. muslingar, sniglar og blekksprut.

Blautdyr
Sniglane er dei mest talrike blautdyra
Sniglane er dei mest talrike blautdyra
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Cuvier, 1797

Oppbygnad

endre
 
Skjematisk framstilling av eit blautdyr

Kroppen til eit blautdyr kan delast inn i tre element: hovud/fot, visceralmasse og kappe.

Hovud/fot-regionen er nedst på dyret, og omfattar naturleg nok hovudet og foten. Hovudet inneheldt eit ganglion (primitiv hjerne) og ein munn med raspetunge (radula, unnataket er muslingar som manglar dette). Foten finst i ei rekkje ulike spesialiseringar; men nyttast hovudsakleg til rørsle.

Visceralmassa er masse med innvolar i. Nokre av organa me finn her inkluderer tarmsystem, kjønnsorgan, gjeller og vanlegvis eit delvis ope blodkar­system med hjarta. Blekksprutane skil seg her ut ved å ha lukka blodkarsystem. I samband med hjarta og gonadar finn ein òg ekte coelom, som gjer at ein klassifiserer molluskane som eucoelomate dyr.

Gjellene til blautdyra vert vanlegvis funne i kappehola, der dei som regel opptrer i par. Unnataket er sniglane, som på grunn av kroppsvriding (torsjon) har mista den eine. Muslingar utmerker seg med særs store gjeller, som i tillegg til gassveksling vert nytta til å fanga opp næringspartiklar, som seinare vert transportert til munnen med cilier og palpar.

Kappen hjå dei fleste molluskar skil ut kalk eller perlemor og dannar skal.

Systematikk

endre
 
Skjellusa Tonicella lineata

Klassar:

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Blautdyr