Monique Éwanjé-Épée

Monique Éwanjé-Épée (fødd 11. juli 1967) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar som i 1990 vart europameister på 100 meter hekk.

Monique Éwanjé-Épée
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. juli 1967 (56 år)
Poitiers
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

18 år gammal vann ho 100 meter hekk i junior-EM. Tre år seinare enda ho sjuandeplassen i øvinga ved Sommar-OL i Seoul. 29. juni 1990 sette ho fransk rekord på 12,56 sekund. Seinare same sommaren vann ho gullmedaljen i europameisterskapen i Split, med tida 12,79 slo ho sølvmedaljør Gloria Siebert 2 med 12 hundredels sekund. Året etter kom ho fjerdeplass i VM-finalen i Tokyo etter eit løp på 12,84. Sidan var ho lang unna finaleplass i Sommar-OL 1992, Friidretts-EM 1994 og -VM 1996, samt Sommar-OL 1996.

Éwanjé-Épée vart nummer 2 på 60 meter hekk i så vel Innandørs-EM 1990 i Glasgow, som Innandørs-VM 1991 i Sevilla og i Innandørs-EM 1992 i Genova. I alle desse tre tevlingane måtte ho sjå seg slått av Ljudmila Narozjilenko som representerte Sovjetunionen og Russland. Bestetida 7,82 sekund i 60 meter hekk oppnådde i Paris vinteren 1991.

Kjelder endre