Gloria Siebert, fødd Kovarik, g. Uibel, (fødd 13. januar 1964) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i 100 meter hekk både under VM 1987, Sommar-OL 1988 og EM 1990.

Gloria Siebert


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 13. januar 1964 (60 år)
Ortrand
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Ho slo gjennom internasjonalt i 1987-sesongen som Gloria Uibel med andreplass på 60 meter hekk ved innandørs-EM i franske Liévin. I VM-finalen 1987 i Roma gjorde ho sitt livs beste hekkeløp då ho vann sølv i 100 meter hekk på tida 12,44 sekund. Også i dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul tok ho sølvmedaljen på den korte hekken, då som Gloria Siebert etter ho hadde gifta seg oppatt. Medaljesamlinga i sølv vart komplett då ho i europameisterskapen 1990 i Split kneip andreplassen, hundredelen av eit sekund føre nummer tre i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre