Monstertorsdag
Monstertorsdag er ein norsk film frå 2004. Filmen vart laga av stort sett den same Stavanger-tilknytte gjengen som laga Mongoland. I Monstertorsdag fekk dei i tillegg med dei danske skodespelarane Kim Bodnia og Iben Hjejle. Filmen går føre seg i eit miljø som driv med vindsurfing på Jæren, på strendene ut mot Nordsjøen. Handlinga i filmen går føre seg i Stavanger og nord på Jæren. Monstertorsdag er dagen då den perfekte bølgja vil koma.
- Regi: Arild Østin Ommundsen
- Manus: Gro Elin Hjelle og Arild Østin Ommundsen
- Produsent: Ingrid Festøy Ottesen
Regi | Arild Østin Ommundsen | ||
---|---|---|---|
Utgjevingsdato | 2004 | ||
Lengd | 99 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | dramafilm |
Skodespelarar
endre- Vegar Hoel (Even)
- Silje Salamonsen (Karen)
- Andreas Cappelen (Beckstrøm)
- Kim Bodnia (Skip)
- Iben Hjejle (Sara)
- Christian Skolmen (Tord)
- Siri Kalvig (vérdame)
- Pia Tjelta (russisk seljar av bakt potet)
- Marko Iversen Kanic