Klimaet i India ville ikkje ha vore det same utan monsunen. Etter mange dagar med steikande varme og fukt, vert himmelen brått dekt av mørke skyer, den sørvestlege vinden set inn og etter ei stund byrjar det å regne. Ein kan nesten stille klokka etter kortid monsunen startar. Monsunen kjem alltid omkring den same datoen til eit område, og er aldri meir enn ei veke unna denne datoen. Regnet gjev seg raskt i dei nordvestlege områda mellom midten av september og midten av oktober. I dei sørlege områda held derimot monsunen stand til desember, og då vert den kalla den nordaustlege vintermonsunen.

Monsunskyer nær Nagercoil i India.

Det regnar ikkje kontinuerleg under monsunen. Om lag ein gong kvar sommar flyttar monsunregnet seg nordover til foten av Himalaya i ei veke og to, medan resten av landet er tørt. Denne «tørre» monsunperioden oppstår vanlegvis i midten av august. Monsunregnet kjem stort sett i form av byger og bygelinjer, og ein kan ha periodar med sol innimellom. Dette gjer at klimaet er varmt og fuktig, særleg i den sørlege delen. Sør for Himalaya er det nesten aldri kaldt i India. Sjølv New Delhi får sjeldan frost om vinteren. Kuldebølgjer kan likevel oppstå no og då, og kan då krevje mange liv på grunn av dårleg isolerte skur og bygningar og dårlege klede.

Nordvest og Gangessletta endre

 
Solnedgang i den tørre Tharørkenen.

Eit av dei store meteorologiske mysteria i verda er kvifor nedbørsmengda varierer så mykje frå nordaust til nordvest i India. Delar av Tharørkenen i vest får mindre enn 50 mm i året, medan Cherrapunji i aust har den høgaste nedbørsmengda som er målt i verda i løpet av eit år. På tolv månadar i 1860-1861 kom det utrulege 24 470 mm, om lag ti gongar meir enn det normalt kjem i Bergen på eit år. Den årlege nedbørsnormalen i Cherrapunji er på 10799 mm. Den våtaste månaden er juni då det kjem heile 2695 mm, meir enn den årlege nedbørsnormalen til dei fleste stader i verda.

Om våren kan lågtrykk piske opp aandhi, ein sandstorm i Tharørkenen som ofte oppstår i samband med torevêr med lite eller ingen nedbør. Området frå Patna og austover til Bangladesh er eit av få område utanfor USA som kan få kraftige tornadoar, sjølv om dei oppstår sjeldan. Som regel skjer dette i vekene før monsunen kjem. Tropiske syklonar i Bengalbukta kan true austkysten nord for Sri Lanka kortid som helst mellom mars og desember. Temperaturane midt på vinteren er behagelege, men ein kan få kjølig tåke i dei øvre områda av Ganges, i tillegg til tørrdis over store område. I april og mai kan ein i tillegg ha ein del støv i lufta, og temperaturane byrjar å bli svært ubehagelege. Nattetemperaturen kan halde seg over 30 °C, medan dagtemperaturen ofte går opp mot 45 °C. Perioden etter at monsunen har trekt seg tilbake er kanskje den mest behagelege tida på året på Gangessletta. Frå midten av oktober til desember er vegetasjonen frodig, varmen er mindre intens, og lufta er fri for forureininga og støvet som pregar vêret om vinteren.

Sør endre

 
Halvtørt område nær Tirunelveli i Tamil Nadu. Monsunskyer regner over frodige skogar berre nokre kilometer unna i Kerala, men regnet blir stoppa av Agastya Malai i Dei vestlege Ghatfjella (i bakgrunnen).

Klimaet i sørlege delar av India (sør for 20ºN) er lummert året rundt. Dei vestlege Ghatfjella hindrar den sørvestlege monsunvinden og fører til store nedbørsmengder i denne delen av landet. Dermed får dei sentrale områda i sør, inkludert Bangalore, om lag halvparten av nedbøren som områda lenger nord og vest får. Det regnar likevel like mange dagar, men ikkje like kraftig. Bangalore ligg i ei høgd nær 1000 m, og har derfor ein av dei kjøligaste sommarnettene ein finn i dei indiske storbyane. Ofte kan temperaturen gå under 20 °C. Pune, som ligg lenger nord, har lågare temperatur enn Mumbai som ligg like over på andre sida av Ghatfjella. Kysten frå Mumbai til Thiruvananthapuram (der monsumen vanlegvis kjem først) er blant dei våtaste områda i India, og store delar av dei vestlege Ghatfjella er dekte av tåke og kraftig regn gjennom sommaren. Likevel vert denne kyststripa sjeldnare råka av tropiske syklonar enn Bengalbukta. Mumbai vart ikkje råka av ein einaste tropisk syklon på 1900-talet, men ei stormflod i samband med ein slik syklon tok livet av over 100 000 menneske i 1882. Nesten alt regnet som kjem i Mumbai kjem i samband med monsunen, men sørover i området rundt Trivandrum kan ein få regnbyer lenge før monsuntida startar, om lag kvar tredje dag frå april av. Mumbai har ein normal årsnedbør på 1811 mm.

Monsunregnet i søraust aukar når monsunvinden snur på nordaust om hausten. Den mest regnfulle månaden i Chennai er november (356 mm), men får òg ein god del nedbør i månadane før dette. Den årlege nedbørsnormalen her er 1270 mm.