Monte Yoho
Bryon Lamont «Monte» Yoho (fødd 6. desember 1952) er ein amerikansk southern rock- og countrymusikar. Han er mest kjend som trommeslagar i gruppene Outlaws og Blackhawk.
Monte Yoho | |||
Yoho speler trommer i bakgrunnen på biletet. I framgrunnen er Hughie Thomasson. | |||
Fødd | 6. desember 1952 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lakeland i Florida | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | country, southern rock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | The Outlaws, The Henry Paul Band, BlackHawk | ||
Verka som | Trommeslagar, låtskrivar |
Yoho gjekk på skule i lag med Hughie Thomasson og dei to vart nære vener.[1] Yoho spelte som studiomusikar seint i 1960-åra, mellom anna for The Bellamy Brothers.[1][2]
I 1969 møtte Yoho Billy Jones medan han haika heim frå Atlanta Pop Festival. Under køyreturen avgjorde dei å skipe eit band i lag. Resultatet vart The Dave Graham Group, med Jones og Dave Graham på gitar, Roy Holly på bass og Yoho på trommer. Kvartetten samarbeidde ofte med det Thomasson-leia bandet The Outlaws.
Outlaws
endreEtter fleire besetningsendringar og eit brot, valde Thomasson å skipe Outlaws på ny i 1972.[3][4] Thomasson vart solovokalist og ein av tre gitaristar. Den opphavlege trommeslagaren var Billy Jones, men Thomasson var imponert over korleis Allman Brothers Band brukte to sologitaristar, og overtydde Jones om å spele gitar i staden. Yoho vart dermed trommisen i bandet.[3]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- Med The Outlaws
- Outlaws (1975)
- Lady in Waiting (1976)
- Hurry Sundown (1977)
- Playin' to Win (1978)
- Bring It Back Alive (1978)
- In the Eye of the Storm (1979)
- It's About Pride (2012)
- Med The Henry Paul Band
- Grey Ghost (1979)
- Feel the Heat (1980)
- Anytime (1981)
- Med BlackHawk
- For the Sake of the Song (2009)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Monte Yoho» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Brant, Marley (1999). Southern Rockers: the Roots and Legacy of Southern Rock. New York: Billboard Books.
- ↑ 1,0 1,1 Giacinto, T.F. (29. september 2007). «The Monte Yoho Story». Rockland Music Resource Network. Arkivert frå originalen 17. juni 2006. Henta 15. november 2009.
- ↑ «The Bellamy Brothers Overview». Allmusic. Macrovision Corporation. 2009. Henta 13. desember 2020.
- ↑ 3,0 3,1 Brant 1999, p. 162.
- ↑ «Outlaws Timeline» (PDF). Outlaws. Arkivert frå originalen (PDF) 19. mai 2006. Henta 13. desember 2020.