Mor Courage og borna hennar
Mor Courage og borna hennar, på norsk òg kalla Mor Godhjarta, originaltittel på tysk Mutter Courage und ihre Kinder, er eit skodespel skrive av den tyske forfattaren og og teatermannen Bertolt Brecht i 1938-1939, medan han var flyktning i Sverige. Skodespelet vart oppført for fyrste gong i 1941 på teateret Schauspielhaus Zürich i Zürich i Sveits, og er seinare vorte spela på mange scener i mange land, medrekna Noreg. Skodespelet er rekna som eit av dei dramatiske hovudverka til Brecht, på line med Tolvskillingsoperaen og Det gode mennesket frå Sezuan.
Handlinga i skodespelet er lagt til Trettiårskrigen på 1600-talet, ein av dei mest øydeleggjande krigane i den europeiske soga. Skodespelet skildrar livet til ei fattig kvinne med namnet Anna Fierling, som har fått kallenamnet Mor Courage. Ho var ein såkalla marketentar, det vil seie at ho dreiv handel med varer til soldatane i felten, og åtte ikkje anna enn varene ho skulle selje og den kjerra ho frakta dei på. På dette fattigslege viset freista ho å gjere krigen til sitt stendig meir innbringande levebrød, men mista alle dei tre borna sine som fylgje av verksemda si. Ho var mor til to vaksne søner og ei stum dotter, Kattrin. Sønene vart verva til krigsteneste, dottera døyr på tragisk vis. Men Mor Courage held fram på ferda si etter å ha mista alt.
Sjølv om Bertolt Brecht har nytta trettiårskrigen som ramme for handlinga, har bodskapen hans vore dagsaktuell og tett knytt til den utviklinga og dei haldningane som leidde til fram til den andre verdskrigen. Skodespelet kan tolkast slik at dei som let seg forføre til å tru at krigen er til deira føremon, vil tape alt som dei har kjært i det forfallet til vondskap som krig eigenleg alltid er. Bertolt Brecht vil med skodespelet sitt få fram det kapitalistiske samfunnets sanne og avskyelege framferd og utnytting av småkårsfolk som krig i røynda alltid står for, og på det viset òg åtvare dei skandinaviske landa, som han hadde teke tilflukt i, mot å take del i desse prosessane.
Omsetjingar til norsk
endre- Bertolt Brecht: Mor Courage og barna hennes, oversatt fra tysk av Ole Grepp og Liv Schøyen. [Oslo] 1995: Den norske bokklubben. ISBN 82-525-2907-0
- Bertolt Brecht: Mor Courage og barna hennar, til norsk ved Arnljot Eggen i samarbeid med Ellen Foyn Bruun. Rollehefte. [Oslo 1985]: Det norske teatret
- Bertolt Brecht: Skuespill [skodespela Tolvskillingsoperaen; Det gode menneske fra Sezuan; Mor Courage og barna hennes]. Gyldendals lanterne-bøker; 95. Oslo 1968: Gyldendal.