Moranbreen
Moranbreen er ein isbre som er 19 km lang, og flyt inn i sørsida av Walterbreen, som flyt aust og ut i Schokalsky Bay, nordaust på Aleksanderøya i Antarktis. Han vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, og kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1948-50. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter offiser Clifford D. Moran i U.S. Navy som var flypilot i skvadron VXE-6 under U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1966 og 1977.
Moranbreen | |||
isbre | |||
Moranbreen og Hamptonbreen flyt ut i Schokalsky Bay.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 69°14′S 70°16′W / 69.233°S 70.267°W | ||
Lengd | 19 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Moranbreen 69°14′00″S 70°16′00″W / 69.2333°S 70.2667°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Moran Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).