Moray Firth-bassenget
Moray Firth-bassenget er eit sedimentasjonsbasseng i Nordsjøen som vart danna ved rifting i slutten av juratida og byrjinga av krittida. Han er ein del av Nordsjørifta, som er ei trippel rift, med armar som formar Vikinggraben, Sentralgraben og Moray Firth-bassenget. Den nordaust-sørvestlege svakheitssonen vart utvikla i perm-trias-tida og kan følgjast vidare mot søraust langs Great Glen-forkastinga.
Kjelder
endre- Askheim, Svein. (18. juni 2009). «Moray Firth-bassenget». I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014.