Great Glen-forkastinga

Great Glen-forkastinga er ei meir enn 400 millionar år gammal sidelengs forkasting som går gjennom Great Glen (Glen More nan Albin) i Skottland.

Great Glen-forkastinga i Skottland.

I nordaust byrjar forkastinga nord for Shetlandsøyane. Vidare går han sørvestover gjennom Loch Linnhe og Firth of Lorne, og så vidare inn i nordvestlige Irland gjennom Lough Foyle, Donegal Bay og Clew Bay. Forkastinga kan òg følgjast i Nord-Amerika, men han vart avbrote ved danninga av den midtatlantiske ryggen.

Great Glen-forkastinga oppstod ved kollisjon mellom Laurentia og Baltikum under den kaledonske orogenesen.

Kjelder

endre