Morfevs (gresk Μορφεύς) eller Morfeus er ein gresk gud for søvn og særleg draumar. Han er son av Hypnos, søvn, og har sjølv tusen søner som står for dei ulike andleta til draumane.

Morfevs

MorAglaia, Nyx
FarHypnos
Morfevs. Byste frå 1852 av Fjodor Tolstoj.

Morfevs er meir ein litterær enn ein religiøs gud. Han er nemnd i Odysseen av Homer og i Metamorfosar av Ovid

Aurora vekkjer Morfevs. Måleri frå 1769 av Bartolomeo Altomonte.

Etter antikken endre

I The Faerie Queene av Edmund Spenser frå 1590 blir det fortald at Morfevs bur på ei seng av elfenbein i ei mørk hòle pynta med valmuar.

Det narkotiske stoffet morfin er kalla opp etter Morfevs.

Moderne utgåver endre

Morfevs opptrer også i moderne populærkultur, mellom anna i teikneserien The Sandman av Neil Gaiman, boka The Last Olympian av Rick Riordan, filmen The Matrix, fjernsynsserien Xena Warrior Princess og dataspelet God of War: Chains of Olympus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Morfevs
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.