Mortar og haubits

Mortar, mørtar, er nemningar på kanonliknande våpen med stutte røyr som er laga for å skyte prosjektila opp i ei høg, krum bane. På den måten kan ein treffe mål som ligg attom ei dekning, til dømes attom ein ås, eit høgdedrag eller liknande.

Mortar frå slutten av 1400-talet.
Mortar frå borgarkrigen i Sambandsstatane.
Škoda 350 mm mortar, modell 1911.

Røyra på slike våpen kan vere stutte og etter måten veikt dimensjonert av di prosjektila vert skote opp i steil vinkel, slik at dei råkar måla attom hindringa i ein steil nedslagsvinkel. For å råke ulike mål med den ynskelege steile nedslagsvinkelen, vert det skote med ulike storleikar på ladningane, slik at utgangsfarta på prosjektilet vert den rette i kvart einskild høve.

Haubitsar er òg kanonliknande våpen som på liknande vis vert nytta til å skyte ut prosjektil i ei høg krum bane over store hindringar, men dei skil seg frå mortarane ved at dei kan ha større lengd på røyret, og såleis kan skyte med lågare utgangsvinkel. Til dels vert nemningane mortar og haubits nytta om kvarandre om den same typen våpen.

Utformingane av våpenet mortar hadde i utgangspunktet mykje til liks med formene på dei ulike reiskapane mortar. Nemninga for både våpenet og for reiskapen er difor den same i fleire av dei europeiske språka. Til dømes heiter både våpenet og reiskapen mörsertysk, morter/mortérdansk, mortierfransk, mortarengelsk, moździerzpolsk.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mortar og haubits

Sjå òg endre