Opna hovudmenyen

Morten Høglund (fødd 16. juli 1965 i Ski i Akershus) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Akershus fylke i 2001.

Morten Høglund
Iranian presidential election 2009 protests, Oslo - 2009-06-22 at 15-20-13.jpg
Fødd16. juli 1965
Ski
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedTreider Fagskoler

Høglund er utdanna ved handelsskule, og har gått på high school i Utah. Han arbeidde som seljar og ekspeditør 1986-90, seinare som utgreiingssekretær, utgreiingsleiar, politisk rådgjevar og etter kvart som leiar av Politisk avdeling i FrPs hovudorganisasjon 1990-2000. Han var politisk rådgjevar for stortingsgruppa til FrP 2000-2001.

Morten Høglund var medlem av Ski kommunestyre og formannskap 1987-1991; og varaordførar 1989–1991. Han var medlem av Asker kommunestyre og varaordførar 1995–2003. Han er medlem FrPs sentralstyre frå 2008.

Han var leiar av Oslo Dragebåtklubb 1988-1992 og styremedlem i European Dragonboat Federation 1991-1995.

StortingskomitearEndra

BakgrunnsstoffEndra