Morten Harry Olsen

Morten Harry Olsen (fødd 15. august 1960) i Narvik), er ein norsk forfattar. Olsen har grunnfag i kriminologi frå Universitetet i Oslo og grunnfag i filosofi frå Universitetet i Tromsø. Han har hatt arbeid som ekspeditør, drosjesjåfør, nattportiér, journalist, omsetjar, kontorist, litteraturkritikar, forlagskonsulent og forlagsredaktør. Han har vore formann i Norsk Forfattersentrum (1989-1991), formann i arrangementskomitéen for Brageprisen (1991-1995) og nestformann i Den norske Forfatterforening (1997-1998). Frå 1988 til 1991 var han medlem av Den norske Forfatterforeningens litterære råd. I perioden 1992-1996 var han redaktør for Bokklubben krim og spenning.

Morten Harry Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1960 (63 år)
Narvik
Yrke skribent

Olsen debuterte litterært i 1985 med novellesamlinga For alt hva vi er verdt, som vart påskjøna med Tarjei Vesaas' debutantpris. Fleire av bøkene hans har vekt betydeleg merksemd hjå kritikarane.

Utgjevingar endre

  • For alt hva vi er verdt – noveller (1985)
  • Ganske enkelt sandroman (1986)
  • En dans til – roman (1988)
  • Tråder – essays (1989)
  • Mississippi – roman (1990)
  • Syndenes forlatelse – kriminalroman (1991)
  • Mannen som hatet duer – skuespill (1992)
  • Begjærets pris – kriminalroman (1993)
  • Tilfeldig utvalg – kriminalroman (1996)
  • Naken for leseren, naken for Gud: et essay om romanen – litteraturkritikk (1997)
  • Mord og galskap – roman (2000)
  • Mississippi. neo – roman (2002)
  • Størst av alt – roman (2004)

Prisar endre

Bakgrunnsstoff endre