Opna hovudmenyen

Morten Ludvig Sundt (6. april 18091. juni 1891) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann, fødd og død i Stavanger.

Morten Ludvig Sundt
Fødd 6. april 1809
Hole
Død

1. juni 1891

Yrke politikar, bonde

Sundt var son til ein kjøpmann i Stavanger. Sjølv reiste han til Christiania der han studerte teologi ei tid. Han gav opp studiane og vart gardbrukar i Hole i Buskerud. Fyrste tida på storgarden Haug og seinare på ein annan storgard, By. I 1867 flytta han til garden Søtland i Eidsberg og dreiv denne nokre få år. På 1870-talet budde han i Kristiania, folketeljinga 1875 fortel at han levde av «Livrente og statiskt arbeide».

Sundt representerte Buskeruds amtStortinget frå 1851 til 1866. Dei tre fyrste tingsamlingane, 1851, 1854 og 1857, var han medlem av budsjettkomiteen. På 1859-60-tinget var han medlem av tollkomiteen og Lagtinget, Lagtinget var han elles medlem av i alle dei seinare stortingssesjonane han deltok på. Både i 1862-63 og 1865-66 var han medlem av næringskomite nr 2. På det overordentelege storting 1864 var han medlem av komiteen om senkinga av innsjøen Øyeren.

På sin eldre dagar flytta den barnlause Sundt tilbake til fødebyen Stavanger.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Folketeljinga 1875