Morten Olsson Lundberg

Morten Olsson Lundberg (20. november 183416. mai 1889) var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Bardu i Troms.

Morten Olsson Lundberg
Fødd 20. november 1834
Bardu kommune
Død

16. mai 1889 (54 år)
Bodø

Yrke politikar, lærar, bonde

Lundberg var son av ein gardbrukar i Bardu. Sjølv gjekk han seminaret i Tromsø, der han tok eksamen i 1858. Dei neste 24 åra, fram til 1882, var han lærar i Bardu. I 1866 gifta han seg til ein gard i bygda, så han var gardbrukar òg. År 1882 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Bodin i Nordland.

Lundberg var ordførar 1873-82 i Bardu og 1884-89 i Bodin. Han hadde elles andre kommunale verv både i Bardu og seinare i Bodin.

Lundberg var stortingsmann frå Tromsø amt frå 1874-79. I begge dei to stortingsperiodane var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde i Bodin i 1889.

KjelderEndra