Mount Grieg
Mount Grieg er eit snødekt fjell, med ei høgd opp mot kring 800 moh, med ei eksponert vestsida, oppom søraustsida av Brahmsfjorden og ligg ved foten av Derocher Peninsula, på nordsida av Beethoven Peninsula sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fleire fjell i nærleiken finst først på kart av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48. Dette fjellet vart kartlagd frå flyfoto tekne under RARE av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960, og vart kartlagd på ny av US Geological Survey, 1988. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Edvard Grieg, den norske komponisten.[1]
Mount Grieg | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 800 moh. | ||
- koordinatar | 71°34′S 73°10′W / 71.567°S 73.167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Grieg 71°34′00″S 73°10′00″W / 71.5667°S 73.1667°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Grieg, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Grieg, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).