Mount Maunganui
- For fjellet også kalla Mount Maunganui, sjå Mauao .
37°38′35″S 176°11′06″E / 37.643°S 176.185°E
Mount Maunganui | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Bay of Plenty | ||
Distrikt | Tauranga | ||
Kommune | Mount Manunganui/Papamoa | ||
Høgd | 732 m | ||
Folketal | 19 065 | ||
Mount Maunganui 37°38′35″S 176°11′06″E / 37.643°S 176.185°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Maunganui |
Mount Maunganui (maoriuttale ˈmaungaˌnui, lokal engelsk uttale ˈmɒngəˌnuːi) er ein forstad til Tauranga på New Zealand. Han ligg på ei halvøy nordaust for Taurganga sentrum, og er eit viktig bustads-, industri- og kommersielt område for byen.
Mount Maunganui var ein sjølvstendig by fram til han blei knytt til Tauranga med Tauranga Harbour Bridge i 1988. Staden har namn etter Mauao eller Mount Maunganui, ein stor lavadom danna for rundt 2-3 millionar år sidan.[1] Fjellet blir også kalla The Mount påfolkemunne.[2]
Geografi
endreMount Maunganui ligg på ein sandbanke som bind saman Mauao og fastlandet. Denne landforma er kjend som ein tombolo. Ho gjer at innbyggjarar i Mount Maunganui både har ei hamnestrand (Pilot Bay) og ein havstrand med store bølgjer i nærleiken. Ved foten av Mauao er avstanden mellom hamne- og havsida berre nokre kvartal.
Kjelder
endre- ↑ «Mt Maunganui». Te Ara.
- ↑ The Mount from beach to boutique