Bay of Plenty (maori Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein regionNordøyaNew Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med same namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.

Bay of Plenty
Land  New Zealand
Areal 12 231 km²
Folketal 308 499 (6. mars 2018)
Større byar: Tauranga, Rotorua, Whakatane
Mindre byar: Te Puke, Taneatua, Edgecumbe, Opotiki, Kawerau, Murupara, Ohope, Matata, Maketu, Mount Maunganui, Ngongotaha
Kart
Bay of Plenty
38°12′S 176°54′E / 38.2°S 176.9°E / -38.2; 176.9
Wikimedia Commons: Bay of Plenty Region

Sjølve havbukta endre

 
Bay of Plenty

Bukta strekkjer seg frå basis av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara. Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.

Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook ein gong i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay ('fattigdomsbukta').

Regionen endre

 
Kart over folketettleiken i Bay of Plenty ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Regionen hadde ved folketeljinga i 2006 eit folketal på 257 379 [1], som ein stipulerer vil auka til 277 900 i året 2011. Av innbyggjarane rekna 28% seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid.[1] To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635)[1] og Rotorua (folketal 65 901)[1]. Som eit kompromiss mellom byane, vart byen Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.[2]. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.

Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt sett 2°C kjøligare. Viktige produkt er kiwi, eple, avocado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.

Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006, arkivert frå originalen 17. mars 2008, henta 20. februar 2008 
  2. Environment Bay of Plenty

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bay of Plenty