Mount Stephenson er eit fjell i Antarktis. Det ligg sentrlat i Douglas Range, ved toppen av Toynbeebreen og Sedgwickbreen 13 km vest for George VI Sound, nær austkysten av Aleksanderøya i Britisk Antarktis. Med ei høgd på 2987 moh er Mount Stephenson det høagste i Douglas Range og det høgaste punktet på Aleksanderøya. Mount Egbert er det nest høgaste fjellet med ei høgd på 2895 moh og ligg 8 nautiske mil sør-søraust for Mount Stephenson.[2] Fjellet gjer Aleksanderøya til den 22. høgaste i verda.

Mount Stephenson
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Douglas Range
Topp Aleksanderøya
 - høgd 2 987 moh. [1]
 - Primærfaktor 2 987 m
 - koordinatar 69°49′S 69°43′W / 69.817°S 69.717°W / -69.817; -69.717
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Stephensonfjellet
69°49′00″S 69°43′00″W / 69.816666666667°S 69.716666666667°W / -69.816666666667; -69.716666666667
Mount Stephenson is located in Antarktis
Mount Stephenson (Antarktis)

Fjellet vart truleg først sett i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot, men ikkje rekna som ein del av Douglas Range. Det vart først kartlagd i 1936 av Stephenson, Fleming og Bertram under British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Austsida av fjellet vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) som namngav det etter Alfred Stephenson, som var landmålar og leiaren for BGLE-laget til George VI Sound i 1936. Ei anna landform på Aleksanderøya er òg kalla opp etter Alfred Stephenson, Stephenson Nunatak.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Henta 14. mars 2013.
  2. «Mount Stephenson i Antarktis" Peakbagger.com. Henta 14. mars 2013.