Stephenson Nunatak

Stephenson Nunatak er ein markant, pyramideforma nunatak, med ei høgd opp mot kring 640 moh, som ligg 300 m oppom den kringliggande isen på nordvestsida av Kirwanfjorden søraust på Aleksanderøya i Antarktis. Han vart oppdaga og grovt kartlagd i 1940-41 av Rønne og Eklund frå U.S. Antarctic Service. Han vart kartlagd på ny i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter Alfred Stephenson, som var landmålar under British Graham Land Expedition, og som leia eit sledelag sør til George VI Sound til kring 72S i 1936. Eit anna fjell på Aleksanderøya er òg kalla opp etter Alfred Stephenson, Mount Stephenson, det høgaste punktet på Aleksanderøya med ei høgd opp mot 2987 moh.

Stephenson Nunatak
nunatak
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 •  høgd 640 moh.
 - koordinatar 72°11′S 69°5′W / 72.183°S 69.083°W / -72.183; -69.083
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Stephenson Nunatak
72°11′00″S 69°05′00″W / 72.1833°S 69.0833°W / -72.1833; -69.0833
Stephenson Nunatak is located in Antarktis
Stephenson Nunatak (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stephenson Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).