Mount Takahe
Mount Takahe er ein stor, snødekt skjoldvulkan som står 64 km søraust for Toney Mountain i Marie Byrd Land i Antarktis. Vulkanen er omtrent sirkelforma og måler kring 29 km på tvers og har ein kaldera som er opp mot 8 km brei. Med 780 kubikkilometer er han ein massiv vulkan. Vulkan kan ha hatt det siste utbrotet sitt i holocen og er derfor truleg ein potensielt aktiv vulkan.
Mount Takahe | |||
vulkan | |||
Flyfoto av Mount Takahe frå vest.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
• høgd | 3 460 moh. [1][2] | ||
• Primærfaktor | 2 144 m | ||
- koordinatar | 76°17′S 112°05′W / 76.283°S 112.083°W | ||
Vulkantype | Skjoldvulkan | ||
Siste utbrot | 5550 fvt. (?) | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Takahe 76°18′S 112°06′W / 76.3°S 112.1°W | |||
Wikimedia Commons: Mount Takahe |
Takahe vart truleg av dei sett frå avstand av Admiral Byrd og andre medlemmar av USAS på flyturar frå skipet «Bear» den 24. og 25. februar 1940. Det vart vitja i desember 1957 av medlemmar av Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, som namngav det. «Takahē» er eit māori-namn om noko som ikkje kan fly.[3]
Gill Bluff
endreGill Bluff er ein skråning på nordvestsida av Mount Takahe i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy, 1959-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Allan Gill, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1963.[4]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Takahe» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Takahe». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1900-027.
- LeMasurier, W. E.; Thomson, J. W., red. (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512. ISBN 0-87590-172-7.
- ↑ «Antarktis Ultra-Prominences"[daud lenkje] Peaklist.org. Henta 2011-12-24.
- ↑ «Mount Takahe i Antarktis" Peakbagger.com. Henta 2011-12-24.
- ↑ «Mount Takahe». Geographic Names Information System. US Geological Survey. Henta 13. januar 2013.
- ↑ «Gill Bluff». Geographic Names Information System. US Geological Survey. Henta 13. januar 2013.