Mount Tilley
Mount Tilley er eit isdekt fjell med flat topp, kring 1900 moh, som ligg 7 nautiske mil (13 km) sør for Mount Tyrrell og 3 nautiske mil (6 km) innover frå George VI Sound aust på Aleksanderøya i Antarktis. Trass i høgda er det best skildra som eit forberg til Douglas Range. Mellom desse ligg Toynbeebreen. Fjellet vart først fotografert frå lufta i 1936 av British Graham Land Expedition. Det vart kartlagd i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey og namngjeven av dei etter Cecil E. Tilley, ein professor i mineralogi og petrologi ved Cambridge University.
Mount Tilley | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 900 moh. | ||
- koordinatar | 69°45′S 69°29′W / 69.750°S 69.483°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Tilley 69°45′00″S 69°29′00″W / 69.75°S 69.4833°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Tilley» (innhald frå Geographic Names Information System).