Muddervulkan

Muddervulkan, slamvulkan eller dynnvulkan er leire eller anna finkorna mineralsk materiale som oppstår der gassar saman med vatn strøymer ut av jordoverflata. Gassane kan ha vulkansk opphav, men kan òg vere hydrokarbonar frå grunne gass- og oljeførekomstar. Temperaturen er langt lågare i desse prosessane enn dei ein finn i eldvulkanar.

Ei rekkje muddervulkanar i Gobustan i Aserbajdsjan
USGS, 1996}}

Om lag 20 % av gassen som vert sleppt ut frå desse vulkanane er metan, med noko karbondioksid og nitrogen. Materialet som kjem ut er ofte mudder eller gjørme.

Ein kjenner til om lag 1100 muddervulkanar, men reknar med at det finst langt fleire. Mange er undersjøiske og derfor godt skjulte. Vulkanane opptrer særleg i geologisk aktive område der kontinentalplatene vert pressa ned under kvarandre.

Dei fleste muddervulkanen finn ein rundt Kaspihavet i Aserbajdsjan. Særleg kjend er Lokbatan, som ligg om lag 15 km frå hovudstaden Baku. Vulkanen sjølvantente i 2001 og eksploderte.

øya Java bora ein i 2006 etter gass då dette utløyste muddervulkanen Lusi og ein enorm mudderstraum på opp mot 170 000 m³ per døgn. Eit areal på 25 km² vart oversvømd, inkludert åtte landsbyar. 13 personar mista livet i hendinga.

Håkon Mosby er ein norsk muddervulkan på 1250 meters djupne mellom Tromsø og Bjørnøya.[1]

I 2009 oppdaga ein òg moglege muddervulkanar på Mars.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. J. Mienert; J.A. Dowdeswell; J. Taylor (2003), «The Håkon Mosby Mud Volcano», European Margin Sediment Dynamics: 119–122 ; «Håkon Mosby Mud Volcano», .awi.de
  2. «Mars domes may be 'mud volcanoes'». BBC. 26. mars 2009. Henta 26. september 2010. 

BakgrunnsstoffEndra