Fuglen munk

art av sporvefuglar
Munk
Munkhann
Munkhann
Munkhoe
Munkhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av munk
Utbreiinga av munk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Songarfamilien Sylviidae
Slekt: Sylvia
Art: Munk S. atricapilla
Vitskapleg namn
Sylvia atricapilla

Munk (Sylvia atricapilla) er ein medlem i songarfamilien Sylviidae.

Utsjånad endre

Munken er ca. 14 cm og veg ca. 19 gram. Både ho og han har kalott. Hos hannen er denne svart og hos hoa raudbrun. Nebbet er svart.

Læte endre

Songen liknar på hagesongaren sin.

Utbreiing endre

Arten er utbreidd i Europa frå midt i Fennoskandia til Nordvest-Afrika i vest, i aust til Ural, og til Litleasia og Midtausten i søraust. Fem underartar er skildra, og i Nord-Europa lever nominatunderarten atricapilla. Bestandane i nord og aust er trekkfuglar, fuglane i sør er berre delvis trekkfuglar. Fuglane i vest overvintar på den iberiske halvøya og i det sørlege Frankrike, medan dei i aust overvintrar på Kypros og kysten av Litleasia. Det er slik at fuglane som hekkar lengst nord overvintrar lengst sør. I Europa reknar ein bestanden til 25-49 millionar par. I Fennoskandia har bestanden auka, og også lengre sør ser det ut til å ha vore ein auke dei siste tiåra.

Biotop og utbreiing i Noreg endre

Munken trivst best i lauvskog eller frodig kratt, sjølv om han også er å finne i blandingsskog. Arten er mest talrik i Sør-Noreg til og med Trøndelag, men kan også finnast på gode lokalitetar i Nord-Noreg.

Næring endre

Føda er insekt og andre smådyr. I trekktida òg bær.

Hekking endre

 
Munkeegg

Hoa legg 5 egg i siste del av mai eller juni. Begge kjønn rugar i 14 dagar. Ungane blir i reiret 11 dagar.

Trekkvanar endre

Hausttrekket startar i august, og norske fuglar finn vegen til begge overvintringsområda, både det i søraust og det i sørvest. Nokre fuglar overvintrar i Noreg. Ein del av desse er ungfuglar frå den kontinentale bestanden, som i større grad ikkje trekker, men spreier seg i fleire retningar. Dei første fuglane flyg frå vinterkvartera i februar/mars, og kjem til Noreg i mai, lengst sør i landet kanskje allereie i april.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre