Vitosja (bulgarsk Витоша) er eit fjellmassiv i utkanten av Sofia, hovudstaden i Bulgaria. Vitosja er eit av symbola på Sofia, og den næraste staden for fotturar og skigåing. Det går fleire bussruter til foten av fjellet. Området rundt fjellet inkluderer Vitosja nasjonalpark, som er eit av dei mest kjende og vitja områda. Ved foten av fjellet finn ein fleire feriestader, mellom anna med varme mineralkjelder. Vitosja er den eldste nasjonalparken på Balkan.

Vitosja
fjell
Vitosja sett frå Sofia
Land  Bulgaria
Område Nær Sofia
Høgd 2 290 moh.
Primærfaktor 1 100 m
Lettast tilkomst Kabelvogn frå Aleko (1 800 m), stolheis til Malak Rezen og ein lett fottur til topps.
Koordinatar 42°34′N 23°17′E
Kart
Vitosja
42°34′00″N 23°17′00″E / 42.566666666667°N 23.283333333333°E / 42.566666666667; 23.283333333333
Wikimedia Commons: Vitosha
Steinelva på Vitosja
Vêrstasjon på Svarttoppen

Vitosja kan sjå ut som ein enorm kuppel, og er 19 km lang og 17 km brei, men består faktisk av fleire konsentriske platå, som ligg lag på lag oppå kvarandre. Vitosja er delt inn i fire store delar, der kvar rygg møter kvarandre i eit høgdepunkt kalla Tsjerni Vrah («Svart topp»). Dette er den høgaste delen av fjellet på 2 290 m, og er ein av 10 fjelltoppar på Vitosja som er over 2 000 meter.

Heilt sidan thrakarane busette seg her i antikken, har det alltid budd folk ved foten av Vitosja. I over fire tusen år har økonomien i området på ein eller annan måte vore knytt til fjellet. Namnet Vitosja kjem frå dei to toppane på fjellet, som stig opp frå Sofiasletta.

I 1935 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, som framleis er i drift. Stasjonen fungerer òg som ly for fotturistar, og er hovudkvarter for eit redningslag. Historiske dokument viser at for fleire hundreår sida var Vitosja framleis dekt av «Den store bulgarske skogen». I dag er det stort sett berre skogar av bartre igjen i reservatet Bistrisjko Branisjte, og rundt Zlatnite Mostove (Dei gylne bruene). Dei gylne bruene er eit flott fenomen kjend som Steinelva, og består av eit belte av store rullesteinar ned fjellsida. Dette området ligg ved sida av elva Vladajska med ei blanding av lauv- og barskog. Dette er derimot berre ei av åtte «steinelvar» rundt Vitosja, og dei var ein gong morener frå isbrear under den siste istida.

På ei tid då ein tenkte lite på bevaring av naturen, oppretta nokre opplyste adelsmenn 66 km² av Vitosja som nasjonalpark i 1934, og Vitosja var dermed den første nasjonalparken på Balkan. Dei neste åra vart nokre av dei første bulgarske reservata, Bistrisjko Branisjte (10,61 km²) og Torfeno Branisjte (7,84 km²) oppretta innanfor parken. Parken dekkjer i dag heile fjellet, eit område på 266,06 km².

Aleko-området med Aleko-hytta i midten

Økologi endre

Klima, dyre- og plantelivet varierer mykje med høgda i området. Forsking har vist at i eit relativt lite området i fjellet er det 1 500 planteartar, 500 artar sopp, 500 algeartar, 326 typar mose, og 200 artar lav. Av desse finn ein berre 31 av dei på Balkan, medan 52 av dei er utryddingstrua i Bulgaria. Skogane består av norsk gran og bulgarsk furu, i tillegg til noko makedonsk furu, furu, og ved tregrensa fjellfuru. I lågare høgder har ein òg enkelte lauvtre som bøk, bjørk, osp og svartor.

 
Platået med Torfeno Branisjte

Vitosja har òg gjeve namn til :

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vitosja

Mal:Autorietsdata