Musikaren Frode Jacobsen
Frode Jacobsen (fødd 11. juni 1974) er ein norsk bassist, låtskrivar og produsent frå Stokmarknes.
Musikaren Frode Jacobsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juni 1974 (50 år) |
Yrke | musikar, låtskrivar, musikkprodusent |
Språk | norsk |
Medlem av | Madrugada, Kitchie Kitchie Ki Me O |
Madrugada
endreJacobsen var ein av dei som var med på oppstarten av bandet Øx på byrjinga av 90-talet. Seinare skifta bandet både namn og medlemer og blei til Madrugada. Saman med Sivert Høyem var han ein av de to gjenverande medlemene då gruppa vart oppløyst i 2008 etter at gitarist Robert Burås døydde. Til saman spelte Jacobsen bassgitar for Madrugada i om lag 16 år. I denne perioden gav Madrugada ut 5 studioplater, fleire EP-ar og singlar og vann 5 spellemannprisar m.m.
Jacobsen har skrive fleire av songane til Madrugada, m.a. suksessduetten «Lift me» med Ane Brun[1], som vart kåra til årets hit under Spellemannprisen 2005.
Andre prosjekt
endreUtanom Madrugada har han produsert fleire album, som Savoy (2004) med musikkgruppa Savoy, Win Love Win (2007) med Charlotte & the Co-Stars, Higher Class of Lush (2007) med Howl og Juliet's Wishes (2008) med Ingrid Olava.
I 2009 gjekk Jacobsen inn i eit nytt band som heiter Kitchie Kitchie Ki-Me-O. Namnet har dei teke frå ein song av Robert Burås sitt bandprosjekt, My Midnight Creeps. Dei andre bandmedlemene er Alex Kloster-Jensen, Dag Stiberg, Anders Møller og Behzad Farazollahi.[2] Dei spelte m.a. på Øyafestivalen i 2009 og på Andersbakkenfestivalen og By:larm i 2010.[3] Bandet består av erfarne musikarar frå My Midnight Creeps, og Ricochets. Difor knyter det seg store forhåpningar til dei i tida framover, sjølv om dei per februar 2011 enno ikkje har gjeve ut noko.[4]