Hey Hey, My My (Into the Black)

Hey Hey, My My (Into the Black)
Singel av Neil Young & Crazy Horse
frå albumet Rust Never Sleeps
B-side

«My My, Hey Hey (Out of the Blue)»

Språk engelsk
Utgjeve 27. august 1979
Innspelt 22. oktober 1978, The Cow Palace i San Francisco
Sjanger Hard rock, proto-grunge
Lengd 5:18
Selskap Reprise Records
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Jeff Blackburn
Produsent Neil Young
David Briggs
Tim Mulligan
Neil Young-kronologi 
«Four Strong Winds»
(1978)
Hey Hey, My My (Into the Black) «The Loner» (live)
(1980)


«Hey Hey, My My (Into the Black)» er ein rockesong av Neil Young. Den akustiske motparten «My My, Hey Hey (Out of the Blue)» opnar albumet Rust Never Sleeps frå 1979, medan den førstenemnde songen avsluttar det. Han var inspirert av proto-new wave-gruppa, den nye punkrørsla og det Young såg på som sin eigen veksande irrelevans. Songen kryssa generasjonar og vart likt av tilhengjarar frå punk til grunge og gav nytt liv i den då fallande karrieren til Young. Songen omhandlar det å produsere musikk som liknar på annan musikk («to rust» eller — i «My My, Hey Hey (Out of the Blue)» — «to fade away») eller å brenne ut, som John Lydon i Sex Pistols kan reknast å ha gjort då han forkasta Johnny Rotten-personen.

It's better to burn out than to fade away

Neil Young (1979)

Ein del av teksten frå songen, «it's better to burn out than to fade away» («det er betre å brenne ut enn å svinne hen»), vart vidkjend i moderne rock då frontmannen i Nirvana, Kurt Cobain skreiv dette i avskjedsbrevet sitt. Young sa seinare at han var så opprørt over dette at han tileigna albumet Sleeps with Angels frå 1994 til Cobain. På grunn av sjølvmordet til Cobain har Young sidan lagt vekt på linja «once you're gone you can't come back» («når du først er borte kan du ikkje kome attende») på konsertane sine.

«Out of the blue and into the black» («Ut av det blå og inn i det svarte») var eit uttrykk frå Vietnamkrigen som opphavleg vart nytta om å hoppe ut av dagslyset og inn i dei mørke vietnamesiske tunnelane og som seinare vart generalisert til forskjellige andre situasjonar. Dette gjer songen til ein av dei mørkaste songane til Neil Young.

Opphav endre

Songen «Hey, Hey, My, My...» og tittelen på albumet, «rust never sleeps» («rust søv aldri») kom begge frå møta Young hadde med Devo og særleg Mark Mothersbaugh.[1] Devo vart av Young i 1977 bede om å delta i filmen hans Human Highway.[2] I ein scene i filmen spelar Young heile denne songen med Devo. Den kjende linja «It's better to burn out than it is to rust» er tilskriven venen til Young, Jeff Blackburn frå The Ducks.[3]

Somme kritikarar meinte at karrieren til Young peikte nedover med utgjevinga av American Stars 'N Bars og Comes a Time. Då punken eksploderte i 1977, meinte somme pønkarar at Young og kollegaene hans var dinosaurar og artistar som var sjølvopptekne og kvilte på laurbæra. Young meinte at pønkarane kanskje hadde rett. Dødsfallet til Elvis Presley same året verka som ei dødsklokke for rocken.

Frykta Young hadde for å verte umoderne gjorde at han likte punk-etikken og songen vart fødd, først den akustiske sørgjesongen som vart «My My, Hey Hey (Out of the Blue)». Då han la ut på turne med backingbandet Crazy Horse, fekk songen nytt liv i eit rockearrangement, poengtert i gitarsoloane til Young, som seinare skulle inspirere musikarane i grungemiljøet, som Sonic Youth, The Meat Puppets, Pixies og Dinosaur Jr. - som igjen skapte Nirvana.

Ettermæle endre

Då albumet kom ut, vart Young hylla og selde masse plater. Den rare turneen hans med særs store forsterkarar, scenearbeidarar kledd som jawaer frå Star Wars, lydteknikarar i laboratoriefrakkar og lydopptak frå Woodstock, gav Young nye tilhengjarar.

Då populariteten til Young igjen starta å falle i 1980-åra, starta undergrunnsrocken å ta til seg artisten. På ei tid då glammetal og tyggegummi-pop oversvømde musikkmarknaden, nytta misnøgde band Young som det beste dømet på at det gjekk an å blande støy og melodi, tomt prat og sårbarheit, folk og hardrock.

Med innverknaden Young fekk på desse banda, og særleg Nirvana og Pearl Jam, vart han kalla «gudfaren for grunge».

Songen hadde òg innverknad på Britpop-artistar, hovudsakleg Oasis som spelte songen på verdsturneen sin i 2000.

Neil Young har sjølv spelt songen mykje på konsertane sine og han er òg gjeven ut på Greatest Hits.

Kjelder endre

  1. Shakey: Neil Young's Biography, Jimmy McDonough, 2002, Anchor
  2. Oh Yes, It’s Devo: An Interview with Jerry Casale Brian L. Knight, The Vermont Review, Retrieved desember 15, 2007
  3. Shakey: Neil Young's Biography, Jimmy McDonough, 2002, Anchor, s. 534-535

Bakgrunnsstoff endre