Opna hovudmenyen

Crazy Horse er eit amerikansk rockeband som er best kjend for tilknytinga til Neil Young. Dei er godskrivne på mange albuma til Young, og har gjeve ut fem album på eiga hand.

Crazy Horse
Crazy Horse 1972.JPG
AliasDanny & the Memories
The Rockets
The Psyrcle
OpphavColumbus i Georgia
Aktiv1969 til i dag
SjangerRock
Hardrock
Folkrock
Countryrock
Tilknytte artistarNeil Young
PlateselskapReprise
Epic
Rhino
MedlemmerBilly Talbot
Ralph Molina
Frank «Poncho» Sampedro
Tidlegare medlemmerDanny Whitten
Jack Nitzsche
Nils Lofgren
George Whitsell
Greg LeRoy
John Blanton
Rick Curtis
Michael Curtis
Sonny Mone
Matt Piucci

Neil Young henta inn Danny Whitten (gitar), Bill Talbot (bass) og Ralph Molina (trommer) frå gruppa The Rockets til det andre soloalbumet hans, Everybody Knows This is Nowhere (1969). Dei tre braut ut av The Rockets og inngjekk i eit meir permanent samarbeid med Neil Young under namnet Crazy Horse. Bandet deltok òg på det neste albumet til Young, After the Gold Rush (1970). Dei nytta høvet til å spele inn det første albumet sitt, òg kalla Crazy Horse, medan Neil Young var oppteke med samarbeidet sitt i Crosby, Stills, Nash & Young. Nils Lofgren og Jack Nitzsche, begge med sterke band til Neil Young, bidrog på albumet. Sjølv om albumet aldri vart nokon kommersiell suksess, viste det at bandet hadde meir å fare med enn berre å opptre som backingband for andre. Danny Whittens «I Don't Want to Talk About It» frå albumet vart i 1975 spelt inn og gjort til ein hit med Rod Stewart.

Crazy Horse deltok ikkje på det fjerde albumet til Young, Harvest (1972), men låten «The Needle and the Damage Done» frå albumet skal ha utgangspunktet sitt i blant anna heroinmisbruket til Danny Whitten. Whitten døydde av ein overdose 18. november 1972, og vart erstatta med Frank «Poncho» Sampedro i 1973. Saman med Talbot og Molina har dei tre utgjort Crazy Horse heilt fram til i dag. Neil Young sitt Tonight's the Night er dedisert Danny Whitten og ein annan av Young sine gode vener som lei same skjebne som Whitten.

Innhaldsliste

MedlemmerEndra

NoverandeEndra

Tidlegare medlemmer av Neil Young og Crazy HorseEndra

Andre tidlegare medlemmerEndra

  • Nils Lofgren, gitar, keyboard, vokal
  • George Whitsell, gitar, vokal
  • Greg Leroy, gitar, vokal
  • John Blanton, keyboard
  • Rick Curtis, gitar, vokal
  • Michael Curtis, keyboard
  • Sonny Mone, gitar, vokal
  • Matt Piucci, gitar

DiskografiEndra

The RocketsEndra

Crazy HorseEndra

Neil Young og Crazy HorseEndra

Neil Young og Crazy Horse på film og videoEndra

  • Rust Never Sleeps (1979)
  • Weld (1991)
  • Sleeps With Angels (ca 1995, berre promo)
  • The Complex Sessions (1995)
  • Year of the Horse (1997)
  • Greendale (2004)
  • Be The Rain (2004, promo only)
  • Farm Aid 2003: A Soundstage Special Event (c. 2004)

Billy Talbot soloEndra

  • Alive In The Spirit World (2004)

Andre samarbeidEndra

KjelderEndra

  1. Andy Greene (24. august 2012). «Neil Young and Crazy Horse Double-Disc 'Psychedelic Pill' Due in October». RollinGstone.com. Henta 24. august 2012.