My Sister’s Crown

song frå 2023 med Vesna
«My Sister’s Crown»
Song av Vesna

Land Tsjekkia
Språk Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk, ukrainsk
Utgjeve 30. januar 2023
Sjanger Pop
Lengd 02:57
Selskap Championship Music
Låtskrivar(ar) Patricie Kaňok Fuxová, Tanita Yankova, Kateryna Vatchenko

«My Sister's Crown» (norsk omsetjing: ‘krona til systera mi’) er ein song frå 2023 med det tsjekkiske folkbandet Vesna. Låten var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023, der han enda på tiandeplass.[1][2]

Om songen

endre

«My Sister’s Crown» er skriven av bandet sjølv og har tekst på fleire språk: tsjekkisk, engelsk og refreng på ukrainsk og bulgarsk. Ifølgje frontfigur Patricie Kaňok Fuxová handlar songen om systerskap og retter kritikk mot kjønnsskilnader og diskriminering av kvinner.[3][4]

Eurovision Song Contest (2023)

endre

I januar 2023 blei Vesna og «My Sister’s Crown» kunngjorde som eit av bidraga i ESCZ 2023, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023.[5] Resultatet blei avslørt 7. februar 2023, og «My Sister's Crown» vann klårt med 10 584 røyster – 6 367 røyster meir enn andreplassen.[6] Med sigeren fekk bandet representere Tsjekkia i tevlinga.

Vesna og «My Sister’s Crown» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023.[7] Der blei songen nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2023. I finalen enda låten på tiandeplass med 129 poeng, den nest beste plasseringa til Tsjekkia sidan debuten i 2007.[2][8]

Listeplasseringar

endre
Liste (2023) Høgaste
plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 21
  Hellas (IFPI)[10] 38
  Island (Plötutíðindi)[11] 17
  Litauen (AGATA)[12] 17
  Nederland (Single Tip)[13] 20
  Polen (Polish Streaming Top 100)[14] 64
  Sverige (Sverigetopplistan)[15] 86
UK Download (Official Charts Company)[16] 64
  Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[17] 24

Kjelder

endre
  1. Farren, Neil (7. februar 2023). «Czech Republic: Vesna to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. februar 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Czechia». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  3. Percy, Lucy (7. februar 2023). «VESNAwins ESCZ and will represent the Czech Republic at Eurovision 2023 with "My Sister's Crown"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 19. februar 2023. 
  4. «Vesna: ‘Our group is all about Slavic themes and motives’». ESCBubble (på engelsk). Henta 19. februar 2023. 
  5. «CzechRepublic: ESCZ 2023 lineup revealed». eurovision.tv (på engelsk). 16. januar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  6. «ESCZ2023: The Results | Live Stream | Czech Republic National Final | Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). Henta 10. februar 2023. 
  7. «CzechRepublic: Vesna to Eurovision 2023 with "My Sister's Crown"». Eurovisionworld (på engelsk). 7. februar 2023. Henta 10. februar 2023. 
  8. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  9. "Finnishcharts.com – Vesna – My Sister's Crown". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  10. «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 24. mai 2023. 
  11. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023. 
  12. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  13. «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023. 
  14. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26. mai 2023. 
  15. «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  16. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.
  17. «MySister's Crown, Vesna - Universal Music». ČNS IFPI. Henta 7. mai 2023.