Myr-cree (engelsk Swampy Cree) er eit algonkinsk språk som blir tala av 4500 menneske av ei etnisk gruppe på 5000 på vestsida av James Bay og langs kysten av Hudson Bay i dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario og eit stykke inn i provinsen Saskatchewan. Språket blir rekna som ein dialekt i dialektkjeda cree-montagnais-naskapi. Proto-algonkinsk *r har blitt til n i dette språket, som difor òg blir kalla «n-dialekten», mellom anna i motsetnad til «y-dialekten» prærie-cree (engelsk Plains Cree) og «l-dialekten» elg-cree (engelsk Moose Cree). Myr-cree skil seg òg frå prærie-cree ved å skilje mellom s og š (< proto-algonkinsk *s og *š). Endonymet er ᓀᐦᐃᓇᐌᐎᐣ nēhinawēwin 'cree-språket'.

Myr-cree-språket
'ᓀᐦᐃᓇᐌᐎᐣ, nēhiyawēwin
Klassifisering Algiske språk
 Algonkinske språk
  Cree-Montagnais-Naskapi
   Myr-cree-språket
Bruk
Tala i Canada
Område Ontario
Myr-cree-språkettalande i alt 4500 (1982)
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Det kanadiske stavingsalfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 cre
ISO 639-3 csw

Fonologi

endre

Vokalar

endre

Myr-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokalsymbolet:

Vokalar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong i ī
Midtre ē o ō
Open a ā

Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronenē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē. I staden for makron blir òg sirkumfleks nytta, med andre ord î ê â ô i staden for ī ē ā ō.

Konsonantar

endre

Språket har elleve konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv/affrikat p t c k  
Frikativ s š h
Nasal m n
Halvvokal w y

Skrift

endre

Myr-cree-språket blir skrive både med det latinske alfabetet, som vist i avsnittet Fonologi ovanfor, og med det kanadiske stavingsalfabetet, i ein variant som blir kalla aust-cree-stavingsalfabetet, som blir nytta for å skrive myr-cree og elg-cree (engelsk Moose Cree). Det skil seg frå prærie-cree-stavingsalfabetet berre i nokre mindre detaljar. I denne artikkelen er nokre cree-ord skrivne i begge alfabeta.