Myriam Halden Bjerkli

Myriam Halden Bjerkli (fødd 3. januar 1963) er ein norsk forfattar, frilansjournalist, frilansfotograf, selgar, omsetjar og forlagsredaktør busett i Larvik.

Myriam Halden Bjerkli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1963 (61 år)
Tromsø kommune
Yrke skribent

Virke endre

Ho debuterte hos Gyldendal forlag med ungdomsboka Cyprianus i 2007. Ho vart omsett til dansk i 2008. Boka vart kåra til «Randabergboka 2007», ei kåring gjort blant alle femteklassingane i Randaberg i Rogaland.[1] I august 2009 gav ho ut si bok nummer to, ungdomsboka Mickel i mål på Gyldendal forlag.[2] I 2010 gav ho ut foto- og faktaboka The Gambia, og dessutan dikt- og måleriboka Rock'n roll, baby, eit samarbeidsprosjekt med målaren Kari-Mette Astrup.[3] I mars 2017 debuterte ho som krimforfatter, med romanen Lille Linerle, ei bok som vart nominert til Maurits Hansen-prisen, Nytt blod. I februar 2019 kom oppfølgjaren Stella Polaris og i mars 2020 kom tredje boka i Kodal-trilogien, Djevelens yngel.

Bjerkli har bidrege til fleire antologiar, tidsskrift og avisar med intervju, dikt, noveller og kåseri. Ho har vunne diverse skrivekonkurransar. Blant anna vann ho NRK sin påskekrimføljetongkonkurranse i 2003, NRK P2s SMS-diktkonkurranse i 2004 og NRK/Bokprogrammets diktkonkurranse i 2006.[4]

Bjerkli har bidrege med fotografi i bøker, blad og aviser. Ho er premiert i fleire fotokonkurransar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho har òg delteke på fleire juryerte fotoutstillingar, blant anna i Noreg, Italia og USA, og ho har dessutan hatt separatutstillinger i Sandefjord og Larvik.

Hausten 2011 var ho vikarierande redaktør for Byavisa Larvik & Stavern.

Bjerkli er dagleg leiar i safefirmaet M.H. Bjerkli, er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold, som består av dei fire imprintforlagene Liv forlag, Lyst forlag, Jubel forlag og Forglemmegei forlag. Bjerkli er også forfattar og frilansjournalist. Ho driftar nettstaden Litteraturivestfold.no.

Bibliografi endre

Som forfattar endre

  • 2006: Tre i spann med Ånund K. Homme og Grethe Larsen – lyrikk, Setesdalsforlaget
  • 2007: Cyprianus – ungdomsroman, Gyldendal
  • 2009: Mickel i mål – ungdomsroman, Gyldendal
  • 2010: The Gambia – fakta, LIV forlag, nyutgitt også på engelsk i 2014.
  • 2010: Rock`n roll, Babydikt, LIV forlag
  • 2017: Lille Linerle – spenningsroman, LIV forlag
  • 2019: Stella polaris – spenningsroman, Capitana forlag
  • 2020: Djevelens yngel – spenningsroman, Capitana forlag
  • 2021: Engelens fall – spenningsroman, Strawberry Publishing

Som omsetjar endre

  • 2014: Elisabet Omsèn/Eva Lindegren: Pappa sitter i fengsel – omsett frå svensk.
  • 2016: Elisabet Omsèn: På utsiden – omsett frå svensk
  • 2017: Marie Bosson Ridell: Emma sier nei – omsett frå svensk

Kjelder endre

  1. «802 sider på fire uker» (på norsk bokmål). Aftenbladet. Arkivert frå originalen 9. februar 2008. 
  2. Forlag, Gyldendal Norsk. «Bjerkli, Myriam Halden» (på norsk). Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. april 2019. 
  3. Bjerkli, Myriam (11. november 2010). «Litteraturuka og Krimscenen delte scenen på Cordelias Hus» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 19. februar 2014. Henta 20. april 2019. 
  4. «Forlagshuset i Vestfold» (på norsk bokmål). Henta 20. april 2019. 

Bakgrunnsstoff endre