Myrtefamilien

(Omdirigert frå Myrtaceae)
Myrtefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Juss., 1789

Myrtefamilien (Myrtaceae) er ein tofrøblada plantefamilie i myrteordenen. Han inneheld tre og buskar med sterk aromatisk lukt av eteriske oljer. Blada er oftast motsette. Blomane er frikrona, regelmessige og 4- eller 5-talige.

I familien finst mellom 3000 og 5000 artar fordelt på 130-150 slekter. Artane finst stort sett i Australia og Amerika. I Europa veks berre éin art naturleg, myrt. Andre kjende plantar i familien er granateple, kryddernellik, allehande, guava og eukalyptus. Arten Eucalyptus regnans kan bli meir enn 100 meter høg og blir ofte rekna som verdas høgaste dekkfrøplante.

Kjende slekter endre

Kjelder endre

«myrtefamilien» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.