Metrosideros
Metrosideros er ei slekt av buskar og tre i myrtefamilien. Ho omfattar rundt 50 artar i område frå sørlege Afrika til Oseania og Stillehavet.[1] Slektsnamnet Metrosideros er avleidd frå gamalgresk metra eller 'kjerneved' og sideron eller 'jern', og viser til at plantane i slekta har svært hard ved.[2] Nokre av artane har iaugefallande blomar danna av ei rekkje støvberarar, og fleire blir brukt som prydplantar.[1]
Metrosideros | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Myrtefamilien Myrtaceae |
Underfamilie: | Myrtoideae |
Stamme: | Metrosidereae |
Slekt: | Metrosideros Gaertn., 1788 |
Metrosideros-artar kan veksa på vanskelege stader, som klippegrunn eller ny lava. Andre kan veksa som ved-dannande lianar opp andre tre.
Matrosideros-artar i ulike område
endreDet finst tolv endemiske Metrosideros-artar på New Zealand. Ein av dei, pōhutukawa (Metrosideros excelsa), er eit newzealandsk symbol som blir brukt som hagetre og juleplante, sidan det blømer med raude blomar rundt juletider. Andre kjende artar er nordleg rata (M. robusta) og sørleg rata (M. umbellata).[3]
På Hawaii er ‘ōhi‘a, ‘ōhi‘a lehua eller lehua (M. polymorpha) eit utbreidd og folkekjært tre. Også dette treet har fargesterke blomar i mange fargevariantar.[2]
Artar
endre
Sør-Amerika
Sør-Afrika
|
Ny-Guinea
Filippinane
|
Fransk Polynesia og Cookøyane
Fiji, Samoa og Vanuatu
Solomonøyane
Lord Howe-øya
Ogasawara-øyane
|
|
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Allaby, Michael, red. (2012). «Metrosideros». A Dictionary of Plant Sciences. Oxford University Press.
- ↑ 2,0 2,1 Donald R. Hodel; Paul R. Weissich. «Trees in the landscape, Part 5: Metrosideros polymorpha» (PDF).
- ↑ «Metrosideros in cultivation: Pōhutukawa» (PDF). New Zealand Garden Journal 13 (1): 10–22. 2010. Henta 7. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Rata and allies Genus Metrosideros ved inaturalist.org