Myrtefamilien
(Omdirigert frå Myrtoideae)
Myrtefamilien (Myrtaceae) er ein tofrøblada plantefamilie i myrteordenen. Han inneheld tre og buskar med sterk aromatisk lukt av eteriske oljer. Blada er oftast motsette. Blomane er frikrona, regelmessige og 4- eller 5-talige.
Myrtefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Myrtefamilien Myrtaceae Juss., 1789 |
I familien finst mellom 3000 og 5000 artar fordelt på 130-150 slekter. Artane finst stort sett i Australia og Amerika. I Europa veks berre éin art naturleg, myrt. Andre kjende plantar i familien er granateple, kryddernellik, allehande, guava og eukalyptus. Arten Eucalyptus regnans kan bli meir enn 100 meter høg og blir ofte rekna som verdas høgaste dekkfrøplante.
Kjende slekter
endre- Blepharocalyx
- Flaskebørsteslekta (Callistemon) – 34 artar
- Eukalyptusslekta (Eucalyptus) – ca. 700 artar
- Feijoa – 1 art
- Eugenia – ca. 1 000 artar
- Leptospermum – 80-86 artar
- Lophostemon – 4 artar
- Tetreslekta (Melaleuca) – > 200 artar
- Metrosideros – ca. 50 artar
- Myrciaria – ca. 20 artar
- Myrteslekta (Myrtus) – 2 artar
- Pimenta – 13 artar
- Allehande (Pimenta dioica)
- Guavaslekta (Psidium) – ca. 100 artar
- Guava (Psidium guajava)
- Regelia – 6 artar
- Syncarpia – 3 artar
- Syzygium = syn. Acmenosperma - ca. 1 100 artar
- Nelliktre (Syzygium aromata
- Taxandria – 13 artar
- Ugni – 10 artar
Kjelder
endre«myrtefamilien» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.