Mikis Theodorakis

gresk komponist og politikar

Mikis Theodorakis (fødd 29. juli 1925) er ein internasjonalt anerkjent gresk komponist og tidlegare politikar i Hellas. Theodorakis er først og fremst ein komponist. Han har sjølv komponert flere verk som har vore med å definera og gjera kjent gresk samtidsmusikk for heile verda. Han er samtidig også kjent for å ha dirigert mange ulike framføringer av kjente greske verk, til døme «O Kaimos» ved Likavittou-teateret i 2001.[1]

Mikis Theodorakis
Mikis Theodorakis Fabrik 070004.jpg
Fødd29. juli 1925
FødestadKhíos
FødenamnΜίκης Θεοδωράκης
OpphavHellas
Aktiv1943–
Sjangeropera, symfoni, laïkó tragoúdi, Éntekhno, Filmmusikk
PlateselskapFolkways Records
Verka sompolitikar, komponist, filmmusikkomponist, låtskrivar, plateartist
Gift medMyrto Altinoglou
BornGeorge Theodorakis, Margarita Theodorakis
Prisarkommandør av Æreslegionen, storoffiser av den luxemburgske Fortjenstordenen, Lenins fredspris, BAFTA Award for Best Film Music, Lenin Komsomol-prisen, Æresdoktor ved universitetet i Tel Aviv, æresdoktor ved universitetet i Salzburg, honorary doctor of the Aristotle University of Thessaloniki, Vennskapsordenen, Honorary member of the Athens Academy

Musikken hans kan skildrast som lett og positiv, med tydelege fengjande rytmar. Eit sentralt instrument i mykje av musikken hans har vore det det tradisjonelle greske instrumentet bouzouki. Han debuterte i 1960 med albumet Epitaphios.[2]

Eit av dei best kjente verka hans er filmmusikken til Zorba the Greek av Michael Kakoyianni, som er basert på romanen til Nikos Kazantzakis om bonden Alexis Zorba.[3].

På trass av alderen og helsa har Theodorakis halde fram med å ta del i musikalske arrangement, sjølv om han ikkje gjer det like hyppig som før.

I 1983 vart han tildelt Leninprisen av Sovjetunionen, og i 2000 vart han nominert til Nobelprisen for fredsarbeid.

Personleg livEndra

Mikis Theodorakis ble født 29. juli 1925 på øya Khios i Egearhavet, med ei mor frå Khios og ein far frå Kreta.

I 1953 gifta han seg med Myrto Altinoglou, og saman har dei fått to barn: Georg Theodorakis, og Margarita Theodorakis.

Politisk verksemdEndra

Innafor politikken har han halde ein tydeleg venstreorientert ståstad. Han engasjerte seg for første gong under den andre verdenskrigen då han melde seg inn i det greske kommunistpartiet KKE, på trass av den tyske okkupasjonen. Dette viser tydeleg kor samfunnsengasjert han er, noko som kjem fram i mykje av musikken hans.

Gjennom livet har han halde eit filososialistisk synspunkt. Etter den andre verdenskrigen, då det var borgarkrig i Hellas og den borgarlege sida ende opp med å ta makta i 1949, blei Theodorakis torturert og send i eksil på øya Makronisos.

Han hadde også et langt og vennleg forhold med Cuba sin daverande kommunistisk statsminister, Fidel Castro. Samtidig har han bytta parti fleire gonger. I 1964 vart han valt in til det greske parlamentet for det meir moderate partiet EDA. Og i 1981, etter den greske juntaen, representerte han det sosialdemokratiske partiet PASOK. Grunne ein ganske så dårleg oppsluting for partia på venstresida i 1989, valte Theodoraki å bli statsråd for Nytt Demokrati sin regjering (søsterpartiet til Høgre), leda av Konstantin Mitsotakis, faren til Hellas sin noverande president.[4]

KjelderEndra

  1. web, Gravity gr-custom, «Μίκης Θεοδωράκης», Μίκης Θεοδωράκης (på engelsk), henta 17. februar 2020 
  2. «Mikis Theodorakis», Discogs (på engelsk), henta 17. februar 2020 
  3. «Mikis Theodorakis», IMDb, henta 17. februar 2020 
  4. Smørgrav, Ivar (30. mai 2017). «Mikis Theodorakis». Store norske leksikon (på norsk).