Myzsterious Mizster Jones

Myzsterious Mizster Jones
Singel av Slade
frå albumet Rogues Gallery
B-side

Mama Nature Is a Rocker

Utgjeve 11. mars 1985
Sjanger Hardrock, electronic rock
Lengd 3:37
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent John Punter (A-Side)
Jim Lea (B-Sides)
Slade-kronologi 
«7 Year Bitch»
(1985)
Myzsterious Mizster Jones «Little Sheila»
(1985)


«Myzsterious Mizster Jones» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den tredje singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter.[1] Han nådde 50. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i fem veker.[2]

B-sida til singelen, «Mama Nature Is a Rocker», var eksklusiv for singelen og kom seinare ut på samlealbumet B-Sides. på 12"-versjonen vart det gjeve ut ein lengre versjon av «Myzsterious Mizster Jones» på A-sida og ei andre B-side, «My Oh My (Piano & Vocal)», vart inkludert.[3][4]

I Storbritannia vart det òg gjeve ut ein avgrensa 7"-biletplate-utgåve. I Frankrike vart singelen berre gjeven ut som ein promosingel med «All Join Hands» som B-side.

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey. Lea skildra videoen i 1986 som favoritten hans blant Slade-videoane, og syner bandet som gangsterar i eit lager, der dei produserer ulovleg whiskey.[5]

Format endre

7"-singel
  1. «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37
  2. «Mama Nature is a Rocker» - 2:52
7" biletplate
  1. «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37
  2. «Mama Nature is a Rocker» - 2:52
12"-singel
  1. «Myzsterious Mizster Jones (Extended Version)» - 4:47
  2. «Mama Nature is a Rocker» - 2:52
  3. «My Oh My (Piano & Vocal Version)» - 3:11
7"-singel (French Jukebox-utgåve)
  1. «Myzsterious Mizster Jones» - 3:37
  2. «All Join Hands» - 4:16

Salslister endre

Liste (1985) Plassering
UK Singles Chart[2] 50

Medverkande endre

Slade
  • Noddy Holder - solovokal
  • Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Mama Nature Is a Rocker» og «My Oh My (Piano & Vocal)», arrangør
  • Dave Hill - sologitar, korvokal
  • Don Powell - trommer
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «Myzsterious Mizster Jones»
  • Green Ink - design
  • Alan Ballard - fotografi

Kjelder endre

  1. «Slade - Rogues Gallery at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 13. oktober 2021. 
  3. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 13. oktober 2021. 
  4. «Slade - Myzsterious Mizster Jones at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  5. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.weebly.com. Henta 20. oktober 2021. [daud lenkje]