Nålefiskfamilien
fiskefamilie
Nålefiskfamilien (Syngnathidae) er ein biologisk familie i ordenen nålefiskar (Syngnathiformes). Familien har to underfamiliar: eigentlege nålefiskar med ca. 200 artar og sjøhestar med 30 artar.
Nålefiskfamilien | |
Sjøhest (Hippocampus sp.) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Underklasse: | Neopterygii |
Infraklasse: | Ekte beinfiskar Teleostei |
Orden: | Nålefisk Syngnathiformes |
Familie: | Nålefiskfamilien Syngnathidae Rafinesque, 1810 |
Fiskane i familien har lang kropp. Dei finst i kystområde i Atlanterhavet, Stillehavet og Indiahavet.
I Noreg finst desse artane:
- Tangsnelle Syngnathus typhle
- Stor kantnål Syngnathus acus
- Lita kantnål Syngnathus rostellatus
- Stor havnål Entehurus aequoraeus
- Lita havnål Nerophis ophidion
- Krumsnuta havnål Nerophis lumbriciformis