Nålefisk

fiskeorden
Nålefisk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Nålefisk Syngnathiformes

Nålefisk (Syngnathiformes) er ein orden beinfisk som lever i tropiske eller tempererte vatn over heile verda. Fiskane i familien er som regel særs tynne og avlange, og lever ofte mellom tang og ålegras på grunt vatn. Det er registrert om lag 240 artar, ved norskekysten finst sju av dei.

Kjenneteikn endre

 
Stor havnål

Nålefisk har avlange kroppar som er pansra med ein serie beinringar. Dei har små munnar som sit ytst på ei røyrforma snute (bortsett frå i slekta Bulbonaricus). Bukfinnane manglar eller sit langt bak på kroppen, medan brystfinnane sit oppe med gjellene. Eit særtrekk med gruppa er at dei manglar ribbein, men har fått dei 3-6 første ryggvirvlane forlenga.

Systematikk endre

Standardverket Fishes of the World av Joseph Nelson reknar nålefiskane som ein underorden av stiklingfiskane; og det er brei semje om at dei to gruppene er nærskylde kvarandre. I FishBase vert dei rekna som systergrupper. Det er òg usemje om kva for familiar ein bør rekna med i kva for orden/underorden, Nelson reknar til dømes dei tradisjonelle stiklingfamiliane Pegasidae og Indostomidae til nålefiskane.

FishBase reknar med fem familiar:

Kjelder endre

  • Jonsson, Bror: «Nålefisk» i Norges Dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • FishBase