Nøtteknekkar er ein reiskap ein kan bruka til å knekka eller knusa skalet på nøtter med.

Funksjonell og moderne nøtteknekkar
Bruk av nøtteknekkar

Funksjonelle nøtteknekkarar endre

Nøtteknekkaren har ein mangeårig historie bak seg. Den eldste kjende nøtteknekkaren av metall er datert til det tredje eller fjerde hundreåret f. Kr. Denne nøtteknekkaren er utstilt på eit museum i Taranto i Italia.

Nøtteknekkarar av jern og messing har funnest sidan høvesvis 1300-talet og 1400-1500-talet i Europa. Særleg i England utvikla ein mange ulike nøtteknekkarar i messing. Det finst typar av mange ulike utformingar og patent, nøtteknekkarar som bruker ei hammar-løysing, skruestikke-patent og dei vanlege som nyttar vektstongprinsipper, aunten dei har kopling i enden av nøtteknekkaren eller litt inne på han (som ei tong).

Dekorative nøtteknekkarar endre

 
Dekorativ nøtteknekkar av tre
 
Eit utval dekorerte nøtteknekkarar

Tre er eit materiale som særleg er blitt nytta til nøtteknekkarar i Frankrike og i tysktalende delar av Europa. Dei eldste ein kjenner til av denne typen er frå 14-1500-talet. Svært ofte blei slike nøtteknekkarar finst utskore og dekorert, til personar, gjerne militære offiserar, kongar, riddarar eller liknande med fargerike uniformer. Ein spak i ryggen opnar munnen på nøtteknekkaren, ein legg inn nøtta, og knekk ho ved å klemma spaken tilbake. Denne nøtteknekkartypen er mest blitt brukt til dekorasjon, særleg som julepynt. Desse nøtteknekkarane fekk elles ei viss rolle i Pjotr Tsjajkovskij sin ballett Nøtteknekkaren basert på eit eventyr av E.T.A. Hoffmann.

Produksjon av slike nøtteknekkarar utvikla seg lik anna utskjering av religiøse figurar og julekrybber som ein handverkstradisjon og heimeindustri i dei skogkledde landområda i Tyskland. Dei mest kjende og etterspurde nøtteknekkarane kom frå Sonnenberg i Thüringen (også kjend for dokker og marionetter), frå Bayern, eller frå byar i fjellområdet Erzgebirge. Ofte var dokkeproduksjonen hovudinntektskjelde for folk som levde der. I dag er produksjonen framleis ein turistattraksjon.

Nøtteknekkarane frå Steinbach blei svært populære også i USA, og blei eit tema i Bavarian village i Leavenworth, Washington, som også har eit nøtteknekkarmuseum. Her blir det også vist fram nøtteknekkarar av porselen, sølv og messing.

Nøtteknekkarar laga av kjente namn som Junghanel, Klaus Mertens, Karl, Olaf Kolbe, Petersen, Christian Ulbricht og særleg nøtteknekkarar frå Steinbach er blitt etterspurte samleobjekt.

I oktober 2008 gav United States Postal Service (USPS) ut fire frimerke med nøtteknekkarar på.

Kjelder endre